Saman er me mindre aleine

Alle har noko å gje, og alle treng på eit tidspunkt i livet ei hjelpande hand. Her i Sveio Frivilligsentral har vi sjølv sett at frivillig innsats skapar ei ny meining med livet, både for dei som bidreg og dei som mottek hjelp eller assistanse. Hovudmålssetninga med arbeidet vårt er å oppnå eit varmare og meir inkluderande samfunn. Hos oss er alle velkomen, saman skal vi vera mindre åleine.

Aktivitetar

Vi har ei rekkje aktivitetar ein kan vera frivillig eller deltager på, og med dei aller fleste aktivitetane kan du sjølv velja kor ofte du vil vera med. Aktivitetane vert arrangert med ulik hyppigheit, nokon vekentleg eller månedelig og nokon er berre enkelthendelser. Vi finn saman ut noko som passar deg, og er òg open for tips om det er nokon tilbod du saknar i kommunen eller kunne tenkja deg å starta opp.

Ein hjelper og ven i ulike situasjonar.

Les mer

Aktivitetsveke for born tilhøyrande borneskulen.

Les mer

Møteplass for ungdom

Les mer

Sveio Frivilligsentral er koordinator for TV- aksjonane

Les mer

Kva med ein miljøvennleg handel?

Les mer

Onsdagar tek Sveio Bygdekvinnelag seg ein tur rundt golfbanen.

Les mer

Hald Noreg reint

Les mer

Har du lyst til å verta frivillig?

Vi er stadig på jakt etter fleire frivillige, og har ei rekkje ulike aktivitetar ein kan vera frivillig på. Ta gjerne kontakt med oss, så finn vi saman med deg noko du har lyst til å vera med på.

2018 © Sveio frivilligsentral